Graham Broad | |||
Broad spelar «Time» med Roger Waters i Ottawa i 2007 | |||
Fødd | 10. mars 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hammersmith i London i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Rock, blues, alternativ rock, jazzfusion | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Roger Waters, Bill Wyman's Rhythm Kings, Bandit | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent |
Graham Broad (fødd 10. mars 1957) er ein engelsk trommeslagar som har vore profesjonell musikar sidan han var femten, etter å ha gått på Royal College of Music i 1970.
Han har arbeidd med musikarar som Roger Waters, Tina Turner, The Beach Boys, Jeff Beck, Van Morrison, Bryan Adams, Bill Wyman, Tony Banks og George Michael.[1]
Han var ein av dei mest produktive trommmeslagarane i 1980-åra og medverka på hittar for Bucks Fizz, Dollar, Tina Turner, Bardo, Go West, Five Star, ABC og Wham!.
Broad har hovudsakleg spelt med tidlegare Pink Floyd-medlem Roger Waters sidan 1987, då han spelte på albumet Radio KAOS og den påfølgjande turneen. I 1990 spelte Broad med Waters på The Wall Concert in Berlin. I 1992 spelte han på Waters-albumet Amused To Death. I 1999 inviterte Waters han med på In the Flesh-turneen som varte frå 1999 til 2002. Broad har òg spelt med Waters på seinare turnear. Seinast i 2010.